Frå Jotunheimen og Bøverdalen ynskjer vi alle velkomne til overnatting på Galde Uppigard, 550 m.o.h. I gamle og nye hus kan vi tilby overnatting i fine naturomgjevnader og frisk luft. Her har du kort veg til Galdhøpiggen, Galdhøpiggen Sommerskisenter, jakt, fiske, andre fjellturar og rafting.
I tillegg til overnatting på garden leiger vi også ut sætra på Raubergstulen. Dette er ein idyllisk og barnevennleg plass der du kan sjå kyr, sauer og hestar. I den nye delen av setra finn du stove, dusj, toalett, og eit godt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin. I den gamle delen opplever du sæteridyllen frå gamle dagar.